Bilder Stolsvassnuten Turen til Stolsvassnuten frå Gautefallheia er omlag 10 km tur-retur. Du går for det meste på opne fjell, og blir lønna med ein dramatisk utsikt oppe på Stolsvassnuten. Stien som er ein del av turløypa frå Sandtjønn til Gautefallheia, er merka med vardar og raude T-merke.